Stolte Anton
 

Syltetøy, gele, chutney, saft, hermetisk frukt - Sjølvdyrka, handlaga, berekraftig. Eit kortreist produkt frå Eidsdal på Sunnmøre

LOGO_liten_neg.png
 

Stolte Anton lagar reine, smaksrike produkt av lokal frukt, bær og grønsaker delvis henta frå eigen hage. Vi held til i Eidsdal på Sunnmøre, nærare bestemt i Nerigarden på Veiberg, ved inngangen til verdsarvområdet og Geiranger. Her finn du både produksjonslokale og gardsutsal, der du kan få kjøpt syltetøy, gelear, chutney, hermetiske plomme og pære.

 

Utsalsstader

Forutan i vårt eige utsal kan du også få kjøpt produkta våre andre stader, så som Skarbø Gard på Stranda, Joker i Stordal, Stolt Mat på Sjøholt, Smak i Lom, Avdemsbue på Lesja, Delicatessen Løvenvold i Ålesund, Sødahlhuset på Åndalsnes, Smaken av Landet på Nærbø i Rogaland, Litlerè Mat på Nesttun i tillegg til ei rekkje coop butikkar som Bakar-Jon på Byrkjelo, Obs Moa, Mega Ulsteinvik, Extra Førde, Extra Sunndalsøra og Extra Nordfjordeid for å nemne nokre. Du kan også bestille varer med varetransport. Vi sender ut varer kvar tysdag morgon. Fraktfritt ved bestilling av 40 glas eller meir. Bestill innan måndag kl 1200 til post@stolteanton.no eller mobil: 94162863.

Gjev liv til gamle hagar

Vi er stolte av å kunne nytte ressursane i nærmiljøet som elles hadde gått til spille, og slik gjev vi liv til gamle hagar. Av dei lokale råvarene lagar vi produkt etter tradisjonelle oppskrifter med reine smakar av frukt og bær. Men utover hausten lagar vi også krydra produkt som gjev dei gode julesmakane. Alle produkta er handlaga og heilt naturlege utan kunstige tilsetjingsstoff.

 
 

Vi er stolte av å kunne nytte ressursane i nærmiljøet som elles hadde gått til spille. På denne måten får dei gamle hagane nytt liv.

 
 
 
 
Gammel-løe.jpg

Historia

 
Anton Nydal var ein engasjert og dyktig gardbrukar i Poldgarden i Eidsdal på 1920-talet og framover mot 70-talet.

Bedrifta vart etablert i 2018 og har sitt opphav i Poldgarden på Sunnmøre. Anton Nydal var ein engasjert og dyktig gardbrukar i Poldgarden i Eidsdal på 1920-talet og framover mot 70-talet. Han var ein svært dyktig bonde, og bær, frukt og grønsaksproduksjon var hovudinntektkjelda.

Etter hans tid gjekk det gradvis nedover med gardsdrifta, og frukthagen har ikkje vore stelt på ein generasjon. Mange av trea har gått ut, men nokre står framleis og gjev avling.

Initiativtakarane til Stolte Anton AS, Per Ove Nydal og Margreta Veiberg, er begge borneborn av Anton Nydal. Gradvis utvikla dei ideen om å gjere frukta i den gamle hagen til ein ressurs. Det har vist seg at i bygda Eidsdal, inngangen til verdsarvområdet, er fleire gamle, ubrukte hagar. Dei gjev no grunnlag for fleire av produkta dei lagar - og akkurat det, er ei stor glede. No har Kirsti Indreeide teke over bedrifta og vil føre tradisjonen vidare. Det blir m.a. nytta bær frå eigen hage i Nerigarden på Veiberg. Elles kjem mesteparten av råvarene frå andre hagar i Eidsdal og Norddal samt andre bygder i Fjord kommune. Ein viktig del av filosofien er å ta i bruk unytta ressursar; plommer og eple frå tre som ikkje har vore hausta, rips og bringebær frå hagar som til dels ikkje har vore stelt.

 
 

Produkta våre

Her er vårt nyaste produkt; Solvegg. Ein mild og lett krydra gele som passar godt når du slappar av i solveggen!

 

Gåvetips: sylteglas i tre-øskjer med logo. Vi har både 2 pk og 3 pk tre-øskjer.

 

Kontakt

 

94162863

post@stolteanton.no

Stolte Anton AS
Veiberg 31
6215 Eidsdal